Å legge ut på langtur utan trening er det eit fåtall av oss som gjer. Eg har vore på relativt lang tur før, men nytt for meg er at eg planlegg langtur med ansvar for bikkje. Eg har ikkje tenkt å nytte strategien «learn as we go», då eg betraktar det som gambling både slik og sann. Å «gå gradene» er ein prosess like givande som målet, synes eg.
Så; arbeidet med å få unge Aslan til å bli ein habil turhund held fram, og nytt om dagen er innkjøring med pulk på faste drag. Eg er stort sett kopla på lina bak pulken, som er lang nok til at eg kan gå fram og veilede han med trekk i bøyla.
Dette er noko heilt anna enn det me tidlegare har gjort (pulk på lina eller vanleg snørekjøring), og konsekvensen av at Aslan trur eg ikkje er der bak lenger, gir nokre komiske forviklingar. Der det tidlegare var kombinasjonen kommandoar og stram line bak til meg som kontrollerte hans tilgang til grøfter og tisseflekkar, kan det sjå ut som han no trur at muttern ikkje lenger heng på.
Han vekslar mellom det eg oppfattar som å digge kjensla av «sjølvstende» og gå kjempefint på kommando, og å synes at denne tvangstrøya er noko hemmande når han eigentleg kunne tenke seg å nytte den nyvunne «fridomen». Selektiv hørsel slår altså inn i større grad enn elles, og kommando høgre, venstre og steady, må innimellom akkompagnerast av mutterns faste grep i bøyla.
Likevel har me hatt berre to skikkelige «havari». Eit i bekken og eit i ein haug med gammal silo ved elva. Me seier me oss nøgde med det!
Godet med at dette arbeidet må gjerast, er at det oppmodar til uante mengder «luksusturar» i nærteigen. Med langt på veg like mykje oppakning for nokre timar ute som eg ville hatt for ei veke på vidda (nesten), er det duka for trivsel.
Fredagstaco og heimeved er sikra, i godt selskap av Frida-the-preggy og Rando.
God helg!
- Vår = barflekktur
- Ein som kunne ynskje at han kunne skrelle avpelsen like enkelt som meg?
- Fredagstaco!
- Rando
- Heilt ok heimleg treningsarena
- Aslan